Nedgravde oljetanker utgjer ein miljørisiko.

Tankar forlagring av fyringsolje og parafin kan være ei miljøbombe. Dersom det går hol på tanken eller rørleidninga, kan utslepp til terrenget føre til store skadar på miljøet og gjere boligen ubebueleg i lang tid.

Kostnadene med å ordne opp etter eit utslepp kan komme opp i mange hundre tusen kroner. Det er derfor svært viktig å følgje med på eigen oljetank for å hindre lekkasje.

Oljetanken din er ikkje tom om målaren står på null. På ein 1200 liter tank kan det vere så mykje som 50 -60 liter att som pumpa ikkje får tatt opp. For å sjekke om kor mykje olje det er att på tanken kan du bruke ein peilepinn eller snor og peile nivået gjennom påfyllingsrøret.

Det er eigar av tanken som er ansvarleg for at tanken med tilhørande røropplegg er tett. Forureiningslova gir eigaren av oljetankar ansvar for den forureininga tanken eventuelt fører til. Dette gjeld alle oljetankar, uansett storleik.

Dersom du har ein oljetank som ikkje lenger er i bruk er vårt klare råd at du fjernar han. Sjå Fjell kommune for meldeplikt.

Dersom den fremdeles er i bruk så ver klar over at tanken bør kontrolleres etter gitte intervaller. Dersom tanken er over 3200 liter er det krav om periodisk kontroll, men det er uansett eier sitt ansvar at tanken er i orden uavhengig av volum.

Du finn meir informasjon om periodisk kontroll her: Lovdata

Her finn du informasjon om oljetankar hos Fjell kommune

Les mer om korleis du kan bli kvitt oljetanken på Oljefri

Kontaktinfo

Leif Ole Reithaug
feiarmeister
E-post
Mobil 922 03 123