Kurs i brannvern

Øygarden brann og redning IKS kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder, grendalag og offentlege institusjonar m.m. Opplæringa blir tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har. 

Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd, grendalag etc. eller på Ågotnes brannstasjon.

Vi er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse. 


Brannmann som slukker en brann - Klikk for stort bilde

Sløkkjeopplæring


Dei tilsette si innsats dei første minuttane kan avgjere om eit branntilløp utviklar seg til ei katastrofe eller ikkje. Veit du og dine kollegaer korleis de skal handla dersom det oppstår brann?

Opplæringa tek for seg praktisk slukking av brann med skumapparat og brannteppe.  


Brannteori


Dette kurset gjer ein grunnleggjande innføring i enkel brannteori. Tema som belysas er m.a.:

  • Kva er ein brann
  • Korleis kan ein brann sprei seg
  • Korleis kan ein sløkkje ein brann
  • Korleis kan ein førebygge brann
  • Røykutvikling og spreiing av røyk


Grunnopplæring i brannvern


Dette kurset dekkjer "Sløkkjeopplæring" og "Brannteori".

 

Evakueringsøvingar


Evakueringsøvingar bør gjennomførast jamleg i alle verksemder. Øygarden brann og redning IKS kan legge til rette for/bidra ved desse øvingane og kan, om ønskeleg, leggje inn overraskingsmoment slik at deltagarane opplever øvingane som mest mogleg realistiske. Ein skal midlertidig alltid på førehand undersøkje om det er nokon som bør varslas på grunn av tidlegere sterke opplevingar knytt til brann.

Ved røyklegging nyttar vi eiga røykmaskin med såkalla "teaterrøyk". Denne er heilt ufarleg og etterlet heller ingen film på overflatar.

Kontaktinfo

Kristine Fretheim
seksjonsleiar
E-post
Mobil 930 16 728