Handel med fyrverkeri

Den som vil drive handel med pyroteknisk vare klasse 2 og 3 må ha tillatelse og drive handelsverksemd med fast utsalsstad. Søknad om lagring og sal av fyrverkeri med vedlegg sendast til post@oybr.no eller Øygarden brann og redning IKS Tranesvegen 5, 5347 Ågotnes

Følgjande vedlegg må leggast ved søknaden: firmaattest, risikovurdering, skisse over salsstad og lager. Skissa må vise aktuelle avstandskrav.

Verksemda må peike ut ein særskilt person som er ansvarlig for salet av fyrverkeri. Personen må  inneha kompetansebevis utstedt av Norsk brannvernforening. Særskilt utpekt person skal overvåke salet og sjå til at dette foregår på ein trygg og forskriftsmessig måte. Dette innebærer at vedkomande til ein kvar tid må være tilstade ved salsstaden.

Salspersonell skal være minst 18 år og skal ha fått nødvendig opplæring. E-læringskurs utarbeidet av Norsk brannvernforening kan nyttast i slik opplæring. 

 

På DSB sine nettsider kan du lese meir om kjøp, salg, bruk og kontroll av fyrverkeri.

 

 

Forskrift om handtering av eksplosjonsfarlig stoff

Rettleiing om handtering av fyrverkeri

Forskrift om pyrotekniske artikler

Kontaktinfo

Ove Geir Stusdal
avdelingsleiar
E-post
Mobil 480 23 317