Bruk av fyrverkeri

Aldersgrensa for kjøp og bruk av fyrverkeri er 18 år. For små stjerneskot er aldersgrensa 12 år. Fyrverkeri kan nyttast på nyttårsafta mellom kl. 1800 og 0200 utan søknad til brannvesenet.

Vi minnar om at det på Straume/Sotra kystby er innført totalforbod mot avfyring av privat fyrverkeri i eit nærare definert område. Her kan du sjå  forskrifta samt kart  over forbodsområde.

 

Skal du nytta fyrverkeri utanom nyttårsafta må du søkje om tillatelse både til politi og brannvesen. Send søknaden til politiet først. Dersom slik avfyring skal skje i forbodssona på Straume må ein i tillegg søke dispensasjon hos Fjell kommune, meir informasjon om dette finn du på nettsida til Fjell kommune

 

Fyrverkeri inneheld eksplosiver og bruk vil alltid innebære ein viss risiko, her kan du lese gode råd for sikrare bruk av fyrverkeri.
 

Naudbluss/naudrakettar skal berre nyttast i naudsituasjonar, pyrotekniske naudartiklar som tas ut av bruk skal leverast inn til destruering.

Kontaktinfo

Ove Geir Stusdal
avdelingsleiar
E-post
Mobil 480 23 317