Om tilsyn og feiing

Øygarden brann og redning  sin seksjon for feiing og tilsyn med fyringsanlegg har ansvaret for feiing av røykpiper og tilsyn med fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader, samt saksbehandling ved melding om eldstader.

Korleis foregår feiing og tilsyn?

Feiing av røykpiper skjer, stort sett, frå tak, men nokre eldre hus har eiga feieluke på loftet. Sot frå pipa samlar seg nedst i pipa og blir teken ut frå sotluka. Feiing er normalt lagt til perioden april - september

 

Etter at feiinga ble behovsprøvd i 1999 har vi brukt mykje av tida til tilsyn i private bustader. Vi veit på grunnlag av tilbakemeldingar frå publikum at brannar er avverga på grunn av tiltak som er sett i verk etter at vi har vore på tilsyn. Når det gjeld sjølve feiinga, så skal den utførast etter behov. Det er feiaren, som avgjer kor stort behovet er og han/ho skal sørgje for at feiinga blir utført iht. dei retningsliner som gjeld. Vi er likevel avhengig av at du som huseigar melder frå dersom fyringsmønsteret endrar seg.

 

Øygarden brann og redning  fastsett ikkje feie- og tilsynsavgifta. Den blir fastsett av den respektive kommune. Selskapet er berre den utførande eininga for tenesta. Avgifta blir sendt ut kvart år, sjølv om feiaren kjem på tilsyn/feiing for eksempel kvart anna år.

Opplæring

Opplæringsansvaret for lærlingar ligg også til denne seksjonen.

 

Seksjonen blir leia av feiarmeisteren

Kontaktinfo

Leif Ole Reithaug
feiarmeister
E-post
Mobil 922 03 123