Tilsyn og feiing på hytter og fritidsbustader

Hytter og fritidsbustader skal no ha feiing og tilsyn på same måte som i vanlege bustader. Øygarden brann og redning (ØBR) starter no arbeidet med å kartlegge alle fritidsbustadene i Fjell, Sund og Øygarden kommunar.

Registreringa vil bli utført ved at eigar av bygningen får ein sms med lenke til eit skjema som ho eller han kan fylle ut. Dette vil gi oss litt kunnskap om bygningen og god hjelp til planlegginga av feiing og tilsyn.

Spørsmål som vi ønskjer svar på er for eksempel om vi har rett adresse, om det er køyreveg heilt fram, kor mange skorsteinar det er, om du bruker noko anna til oppvarming som parafin eller gass.

Vi planlegger å starte feiing og tilsyn i fritidsbustader i våre tre kommunar i 2019.

Ny forskrift

Tidlegare var det hytteeigaren som sjølv skulle sørgje for at skorsteinen ble feid. No skal hytta og fritidsbustaden feies og ha tilsyn på same måte som bustadhus. Årsaka til endringane er ei ny forskrift som kom 1. januar 2016. Her er det no same krav til fritidsbustader som til bustadhus.

Kontaktinfo

Leif Ole Reithaug
feiarmeister
E-post
Mobil 922 03 123