Pågåande Coronasmitte (Covid-19)

På grunn av Coronasmitte (Covid-19) i Noreg, reduserte Øygarden brann og redning KF utadretta verksemd. Dette vart gjort for å unngå at tilsette i brann- og redningstenesta bidrog til smittespreiing eller sjølv pådrog seg smitte.

No når smittesituasjonen i Noreg er under kontroll, og barnehagar og skular er opna att, har vi starta igjen med feiing av skorsteiner, tilsyn med fyringsanlegg, og særskilt tilsyn.

Vi opprettheld viktige smitteverntiltak, og held fysisk avstand. 

Våre brannstasjonar er framleis berre open for tilsette, og andre med særskilt avtale.

For meir informasjon om Coronasmitte (Covid-19) sjå Øygarden kommune.

Feiing og tilsyn