Julekonkurranse

Klikk for stort bilde Bjørnis og Øygarden brann og redning inviterer alle barn til å delta i ein julekonkurranse.

11. januar trekkast 10 vinnarar blant dei som har svart på spørsmåla.

Det er flotte premier: 1. premie er eit sengetøy med Bjørnis motiv. Elles kan vi nemne premiar som lue, matboks og drikkeflaske. Alle premiane har Bjørnis motiv.

Husk å bytte batteri i røykvarslaren din!

Følg oss gjerne på Facebook.

Bjørnis og Øygarden brann og redning ønskje dykk ei trygg og riktig god jul !

Julekonkurranse

Tenk over kor du plasserer røykvarslarane. Det er viktig at vi kan høyre han sjølv når vi sovar. 
Det finnes og røykvarslarar som snakkar samen (seriekoplet). Alle skal ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. 
Vi anbefaler at ein har røykvarslar på kvart soverom.
Det er røykvarslar dagen 1. desember. Vi anbefal at du bytar batteri denne dagen kvart år.
Det mange ikkje veit er at røykvarslaren går ut på dato når han er 10 år og derfor bør bytast ut.
Alle husstandar i Norge må ha minst eit av følgjande sløkkemiddel:
- Pulver apparat (holdbart i 10 år, bør då inn til service eller bytast ut. Hugs å snu på apparatet nokre gonger i året)
- Skum apparatet (holdbart i 5 år, bør då inn til service eller bytast ut)
- Hus brannslangen (vi sjekkar han sjølv ein gang i året. Pass på at kranen ikkje lekk. Rull den ut å prøv den. Dersom den er morken og sprukke er det på tide å skifte den ut.)

Alle typar hand sløkkeapparat har ein talkode som indikerer sløkkeklasse. 
21A er den lavast godkjente klassen, jo høgre tall, desto større sløkke effekt er det.


Normalt finn du produksjonsdato til apparatet på eit klistremerke eller trykt under apparatet.
Dersom han ikkje gjer det, må det fylles på eller bytast.
Vi er flinke til å ha brann øving på skulen og barnehagen. Det er veldig viktig å ha brann øving heime og.
Avtal ein møteplass dersom de ikkje allereie har det.
Husk at vi må sløkke levende lys når vi går ut av rommet, det er alltid viktig, men kanskje endå viktigare nå rundt juletider med all pynt og dekorasjonar.  Brannvesenet vil sleppe å komme på besøk til deg i jula...
Felt merket med * må fylles ut