Styret

Representantskapet vel seks medlemmer med vararepresentanter til brannstyret, og blant desse leiar og nestleiar:

  • Fjell kommune sine representantar i representantskapet vel 2 av medlemmene
  • Sund kommune sine representantar i representantskapet vel 2 av medlemmene
  • Øygarden kommune sine representantar i representantskapet vel 2 av medlemmene

I tillegg til dei 6 styremedlemmene som vert valt etter første ledd har dei tilsette høve til å velje representant(ar) og eventuell observatør til styret i samsvar med reglane i lov om interkommunale selskap. Representant(ar) for dei tilsette er fullverdig medlem i styret med det unntaket som er nemnt i § 10, ellevte ledd i lov om interkommunale selskap.

Brannstyret sine oppgåver:

  • å fremje forslag til budsjett innanfor fastsette fristar
  • å utarbeide årsmelding og rekneskap som vert å leggja fram for representantskapet
  • treffe vedtak om disponering av fondsmidlar
  • å gje innstilling i saker der representantskapet er avgjerdsinstans
  • å skjøtte arbeidsgjevaransvaret ved å tilsetja gjennom eige tilsetjingsutval, seie opp og vedta instruksar
  • å fastsette løns – og arbeidstilhøve for alt personell
  • å etablere tingingsutval
  • å etablere tilsettingsutval som får mynde til å tilsetje i alle stillingar unnateke brann- og redningssjefen der styret er tilsetjingsinstans
  • å etablere arbeidsmiljøutval med lik representasjon frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida
  • å syte for at det vert utarbeida naudsynt personal- og arbeidsreglement på same nivå som  eigarkommunane
  • vere klageorgan for saker som avgjerast av brann- og redningssjefen i medhald av delegert mynde, unnateke i saker kor klagehandsaming ligg i eigarkommunane
  • å føre tilsyn med brann- og redningssjefen i leiing av ØBR
  • sjå til at selskapet har naudsynte dokumenterte rutinar for formueforvaltning, risikovurderingar, HMS/internkontroll, økonomistyring mv.
  • sørgje for at representantskapet til ei kvar tid har nødvendig oversikt og i tide kan førebu nødvendige disposisjonar