Styret

Øygarden kommunestyre har vald fire faste medlem og fire varamedlem (numeriske) til styret for Øygarden brann og redning KF.  I tillegg har dei tilsette vald eitt fast medlem og eitt varamedlem. 

Faste styremedlem:

  • Per Rune Eikeseth (leiar)
  • Elna Nybakk (nestleiar)
  • Åse Gunn Husebø
  • Terje Strandtun
  • Børre Brekkvassmo (tilsette)

Varamedlem (numerisk) til styret:

  • Trygve Våge (1)
  • Espen Cornell Jacobsen (2)
  • Silvia Haugland (3)
  • Irene Nesse Vorland (4)
  • Remin Oen (tilsette)

§ 8 Styret sine oppgåver og mynde

Styret tilset dagleg leiar.

Styret har mynde til å treffa avgjerd i alle saker som gjeld føretaket og verksemda i føretaket.

Styret skal sjå til at verksemda vert drive i samsvar med føretaket sitt føremål, vedtekter, driftsavtale, kommunen sin økonomiplan, årsbudsjett og andre vedtak eller retningsliner fastsett av kommunestyret. Vidare skal styret sjå til at rekneskapen vert revidert i samsvar med kommunen sine rekneskapsføreskrifter.

Styret skal sjå til at drifta er i samsvar med gjeldande branndokumentasjon. Styret presenterer verksemdsplan for kommunestyret. Styret legg fram årsmelding innan 31.03 til kommunestyret

Styret skal føra tilsyn med føretaket og har ansvar for at pålagte oppgåver vert utført iht lov,føreskrifter og eventuelle pålegg.

Styret skal setja i verk vedtak som kommunestyret ber føretaket om.

Styret skal føra tilsyn med drifta av føretaket og har ansvar for føretaket si organisatorisketilrettelegging.

Styret tilset personalet og har mynde til å oppretta og leggja ned stillingar og å treffa avgjerd i personalsaker innanfor rammene av Øygarden kommune sitt personalreglement. Styret kan delegera tilsettingsmynde til dagleg leiar.