Organisering

Øygarden brann og redning IKS (ØBR) er organisert som eit interkommunalt selskap etter lov om internkommunale selskapet. Selskapet er eigd av Fjell, Sund og Øygarden kommunar i Hordaland fylke. Regionen har omlag 38 500 innbyggjarar, og eit areal på om lag 300 km2. ØBR har ein brannstasjon i kvar kommune, og hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes i Fjell kommune der administrasjonen også held til.

Selskapet er delt inn i ei administrasjonsavdeling, ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling. ØBR har det administrative ansvaret for Kystverket sitt oljeverndepot, som er lokalisert tidlegare var på Coast Center Base på Ågotnes. Denne depotstyrken er no samlokalisert med Solund depot på Mongstad. Selskapet har om lag 70 heil- og deltidstilsette.

 

Fjell kommune

Sund kommune

Øygarden kommune