Representantskapet

Øygarden brann og redning sitt øvste organ er representantskapet. Her sit to representantar frå kvar eigarkommune med ei røystefordeling som avspeglar eigardelen til kommunen:

  • Fjell kommune har 64 % av røystene, kvar representant har 32 % av røystene
  • Sund kommune har 18 % av røystene, kvar representant har 9 % av røystene
  • Øygarden kommune har 18 % av røystene, kvar representant har 9 % av røystene

Representantskapet skal gjere vedtak i dei saker som selskapsavtalen og lova fastset, samt i saker som brannstyret legg fram for det.

Representantskapet sine oppgåver:

  1. val av leiar og nestleiar i representantskapet
  2. val av brannstyret sine medlemer og varamedlemer, unnateke dei tilsette sine representantar
  3. val av leiar og nestleiar i brannstyret
  4. vedta budsjett og økonomiplan innan fastsett frist
  5. vedta avsetning av midlar til drifts- og investeringsfondet
  6. vedta årsmelding og rekneskap innan 01.05 etter rekneskapsåret
  7. val av revisor
  8. fastsetting av godtgjersle for leiar og medlem i brannstyret
  9. fastsetting av godtgjersle til representantskapet
  10. fastsetting av branndokumentasjon for eigarkommunane