Korleis bli brannkonstabel ?

Korleis går ein frem for å utdanne seg til brannkonstabel?

Det er to typar brannkonstabel stillinger: heiltids eller deltidstilansatt brannkonstabel.

I Øygarden brann og redning er det pr no deltidstilsatte brannkonstabler.

Når me tilset nytt personell så blir det stilt krav til hovedarbeidsplass og bustad nære brannstasjonen, samt god helse og fysikk i tillegg til plettfri vandel.Det må føreligge godkjenning frå hovedarbeidsgivar før tilsetting.

Det må leggjast fram politiattest.

Det må gjennomføradt fysisk test som består av:

  1. Tredemølletest. Testen utførast med 23 kg ballast som i form av utrykkingsbekledning og «flaskepakke».

Farten er konstant 5,6 km/t med 1 min på 4% stigning, 1 min på 7% stigning og 6 min på 12% stigning.

  1. Styrke test: testen inneheld 3 postar, og skal gjennomførast med samme påkledning som tredemølletesten med unntak av opptrekk der «flaskepakke» vert tatt av.

  • Minimum 7 push-ups med skulderbredde avstand mellom hendene

  • Minimum 15 djupe knebøy med tåhev

  • Minimum 7 horisontale opptrekk av kroppen hengjande under ein bom. Denne skal gjennomførast utan «flaskepakke».

 

Me utdannar personellet med ein kombinasjoon av intern opplæring og ekstern kursing, bla kurs i regi av Norges Brannskole (www.nbsk.no). Kort fortalt består utdanninga av eit nettbasert kurs, intern opplæring, Røykdykkerkurs og grunnkurs i brannvern.

Ledige stillinger hos oss vert lyst ut og du finner dei også på heimesida vår.

Om du lurer på korleis det er med mulighetar i heiltidsstilling oppfordrer me deg til å ta kontakt med eit av dei brannkorpsene som har dette i sin ordning (døgn/dagkasernerte brannvesen).

Brannutdanninga i Norge er i endring, og frå hausten 2019 vert det oppretta ein fagskole for brann og redningspersonell ved Norges brannskole. Dette vil du finne meir om på Norges brannskole sine heimesider.

Kontaktinfo

Nils Anders Mæland
avdelingsleiar/varabrannsjef
E-post
Mobil 901 90 709