Bålbrenning

 
Bålbrenning og annan brenning utandørs er regulert i forskjellige lov og forskriftsverk.
 
Tips og krav til deg som skal brenne bål, grille eller bedrive annen brenning utendørs i Fjell, Sund og Øygarden kommune.

I Norge er det generelt bålforbud i skog og utmark frå 15 april til 15 september. I denne perioden er det altså forbudt å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller nære skog, kystlandskap eller annan utmark.

Sjølv om det er generelt bålforbod, har du lov til å tenne bål eller grille der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Dette kan feksempel vere om det ligg snø på bakken eller at det har regna i lenger tid og vegatasjonen er våt. Du kan også grille i strandsonen i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også tillatt  å grille på tilrettelagde grill og bålplassar godkjent av kommunen.

Du kan grille i eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagar reknast som innmark, og omfattast ikkje av det generelle forbodet.

Brann- og eksplosjonsvernloven og Forskrift om brannforebygging inneheld dei generelle reglane for brenning av bål og anna brenning utandørs.

I Fjell kommune er det innført ei eiga «Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar»  som omhandlar regulerer dette lokalt i Fjell kommune. Denne lokale forskrifta er laga for å hindre forureining og helseproblem, og er heimla i forureiningslova.

 

Totalt bålforbud

 

Om skogbrannfaren er høg kan brannsjefen lokalt leggje ned totalforbud mot å gjera opp eld utendørs. I praksis betyr eit slik forbod at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål i skog, annen utmark eller på stranda. Du kan heller ikke benytte godkjente bålplassar når det er totalforbud.

Grilling i egen hage er som regel tillatt, så lenge ein har kontroll.

Bråtebrenning er ikkje tillatt når det er totalforbud mot bruk av eld utandørs.

Slikt forbod vert kunngjort på heimesida vår, vår offisiell facebookside samt på eigarkommunane våre sine heimesider. I tillegg vert det kommunisert ut i lokale medier som for eksempel Vestnytt.

 

Tips til trygg bålbrenning

  • ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheten
  • Det bør være en voksen, edru person som er ansvarlig for bålet
  • Bålet må være i god avstand frå bygg og vegetasjon
  • Bålet må ikkje være større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkje det ved behov
  • Ha eigna sløkkjemidlar lett tilgjengelig. Vatn er å føretrekkje.
  • Det er forbudt å brenne plast, bygningsmaterialer og annet søppel
  • Når du forlet bålplassen skal bålet være heilt sløkt. Det er ditt ansvar at bålet ikke tar seg opp igjen.

Kontaktinfo

Vakthavende Brannsjef
Mobil 934 41 998